Tekst: Marie Takvam.
Foto: Birgitte Simensen Berg
September, dine auger har glimt av is
under den klåre kvelving.
Eg kler meg i silkekjole
og dansar varmen i meg.
Du skrattar med raudt visnande gras for mine føter
og kvit røyksopp i hagen.
Tropiske stormar herjar mitt blod.
Snart varm, snart kald.
Alt skjer langt, langt borte
og mine hender kan ikkje lindre noko!