Den ansame (den travle)

Han har ikkje stund til å stogge.
Og ikkje tid til å sjå.
Mennesker som han møter.
Dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekke over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid han til endes på dagen.
Han står der, studd over stav.
Og spør: kva livet har gjeve.
Og kvar er det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet.
Utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen.
Men nådde han aldri att.

Jan-Magnus Bruheim

Legg igjen en kommentar